Personutforsker

Velg en person


Knut Månum – født i 1919


Se Haganæs: https://www.nb.no/nbsok/nb/9422842f28f61415fdbc439a8ed19161?index=1#13

Del begynte i 1942. Det kom ein mann til meg og spurde om eg kunne syne han vegen til Syver Thon. Då vi var komne på vegen, sa han at han var i motstandsbevegelsen og tok fram ein pistol som han presenterte seg med. Han spurde om eg som var så godt kjend i fjellet, kunne lenkja meg å vera kurer for dei.
Det synte seg al han var ein av karane til Peder Furubotn som opererte opp i fjellet her. Eg fekk mange oppdrag. Dei gav meg ein masse rasjoneringskort, og eg laut kjøpa noko her og der i butikkane rundt i Valdres for ikkje å verta mistenkt. Eg bar varer innover fjellet på forskjellige stader om nettene.


Kom med i Mil.org.
Ei tid etter kontakta Eivind Juven meg, vi var gode skikameratar, og han ville gjerne ha meg med i Mil.org. Slik vart eg kurer for båe gruppene. Dei arbeidde saman ei tid, men det vart brudd, avdi dei ikkje hadde same syn på forskjellige ting. Så i 1943 kom eg med i organisert Mil.org.
Bak alvoret vert det mange spanande og "pussige episodar" under slike forhold. Ein gong eg gjekk på ski til Fagernes med illegal post og ein radio i ryggsekken, kom eg rundt ein sving på Ranheimsåsen - der var det tyskarar over heile vegen. Eg hadde ikkje anna å gjera enn å gå på. Med eitt skreik troppsjefen noko. Soldatane stilte seg på rad og rekke på båe sider av vegen, og eg gjekk midt mellom dei. Dei lo og kom med tilrop til meg, dei trudde nok det var ein som var ute og trena.

Eg furta mykje omkring
- også elter at vi var komne til leiren på Tonsåsen. Eg var ofte saman med Bjarne Holst Larsen. Han var sers "dristig" av seg. Det var ei gong det var fem av oss som skulle gå frå Aurdal og til leiren. Bjarne tykte det ville ta for lang tid, og han bestilte drosje. Like for vi kom på Tonsåsen, motte vi ei tropp tyskarar, vi kom vel forbi dei. Då med ett sto det tre tyske soldatar med våpen midt i vegen
og stoppa oss. Vi var ikkje hoge i hatten då. Bjarne sa vi skulle vera "parat" med pistolen. Det skjedde ingen ting. men så gjekk det eit mineskot. Sjåføren ville kjore, men vart stoppa på nytt, det gjekk endå eit skot. Troppen som vi motte, var no komen attende og sto bak bilen vår. Så gjekk det tredje skotet, og tyskarane vinka oss vidare, men setene i bilen var nok ikkje heilt turre etterpå.


Knut gifta seg med Ruth Hagaset i 1954.

Les mere under, Minner fra krigen.


Hendelser til en person

Tittel
Dato
Lenke
Flytting fra Breiesleiren til Nystøl i Buvassfaret 19.1.451945-01-19Se mer

Galleri


Nyttige lenker

Tittel
Lenke
Etnedal fra Krig til fred Se mer
Om det koster deg livet, Jul HaganæsSe mer
Beretningen om BreiesleirenSe mer