Hendelse
Flytting fra Breiesleiren til Nystøl i Buvassfaret 19.1.45 – 19. januar 1945
Beskrivelse
Den 19. januar startet de som for nevnt fra Breiesleiren, og etter femten beinharde døgn, den 4. februar, gikk de over grensa til Sverige. En kjempeprestasjon av både russere og nordmenn. Her skal en være klar over at de tre etnedølene måtte skifte på med å brøyte løype det meste av de uendelig lange milene. Se "Beretningen om Breiesleiren" under.
Russerne lærte seg blant annet kunsten å gå på ski. Med unntak av en som var sterkt skadet, tok russarane seg over til Sverige saman med tre norske skiløparar. Odd Hodne, Kolbjørn Småladen og Knut Månum, alle fra Etnedal og veltrente skiløpere, fulgte russerene på denne strabasiøse turen. Med lite mat skulle de ta seg fram i løssnø og uveisomme trakter mens de samtidig skulle holde seg i skjul. Etter 15 knallharde døgn var de i sikkerhet i Sverige.
På Bergatoppen held dei på å avslutte leiren. Frå London er ordren komen om å føre dei sju russarane over til Sverige. Odd skal ta seg av den turen. Torsdag den attande januar blir det halde avskjedsfest i leiren. Turen skal starte dagen etter. Men no ynskjer dei norske å gjera litt stas på dei nye vennene sine. Sjølv om det har vore eit
visst ansvar med å ha dei i leiren og det har vorte fleire munnar å mette, har dei også bidrege med ein viss innsats. Dei har gjort sitt som vaktmannskap, og dei har vore med på husbygging. Den eldste av dei, Jakob, skal ikkje vera med. Han har ikkje føter til å greie den lange turen. Difor er det bestemt at han skal vera på ein gard nede i
Etnedal til krigen endeleg ein gong er over.
Dei sju russarane sit der spente rundt bordet. Turen til Skruvedalen var meir enn lang nok for dei. Dei tok seg heilt ut den gongen, og veit at det blir mange gonger så langt over til Sverige. Det er inga begeistring hjå dei for at dei no skal dra. Nikolai seier det tydeleg: - Heller døy i Norge, framfor å bli internert i Sverige. Dei trur dei blir fengsla i Sverige og må sitja inne der, kanskje i lang tid. Ein annan er meir optimistisk over å
kunna koma heim att til sine snart.
- Norge bra, Russland betre, seier han. Han er tydeleg overbevisst om at hans fedreland er mykje betre enn dette. Fredag nittande januar er dei klare for avmarsj.
Steder
Tittel | Lenke |
---|---|
Breiesleiren | Se mer |
Mennesker involvert
Navn | Lenke |
---|---|
Odd Hodne | Se mer |
Kolbjørn Småladen | Se mer |
Knut Månum | Se mer |
Galleri
Nyttige lenker
Tittel | Lenke |
---|---|
Beretningen om Breiesleiren | Se mer |
"Skutt blir den som...." av Ola Terje Hådem. | Se mer |